Generic selectors
Bare fullstendig treff
Søk i turtittel
Søk i innhold
Søk i turbeskrivelser
Bildebeskrivelser

Ein tur til Keisarholla, på grensa mellom Vindafjord og Etne, har eg tenkt på lenge. Grunnen til at det fram til no har blitt utsett, er rett og slett at det er ein ganske kort tur. Hadde eg vore busett i kommunen hadde dette passa fint som ein kveldstur, og det var akkurat det eg til slutt valte å gjere. Å ta ein kveldstur opp, sidan det er så lenge sol der oppe. Lenge etter at sola har forsvunne frå Ølen, er det sol på fjellet over Oppheim.

Keisarholla ligg i Etne kommune, og er ikkje ein enkelt topp, men ein fjellrygg med fleire toppar og vardar. Eigentleg er det to ryggar, den vestre og den austre, med ein liten dal mellom.

Det enda derfor opp med ein kveldstur med overnatting. Å slå opp telt her, og få med både solnedgang og soloppgang må vel vere fint? Eg kan allereie no røpe svaret. Det kan anbefalast!

Turen startar på parkeringsplassen på Oppheim. På førehand hadde eg kikka på kartet, men altså ikkje godt nok. Kartet viste at det var to stiar opp. Den eine, den eg burde teke, går opp rett bak servicebygget. På returen la eg merke til dette. Tydeleg merka med Skukkane. Eg og turfølgjet gjekk heller nokre hundre meter innover vegen mot Olalia, på leit etter sti nummer to, som eg på førehand hadde tenkt ut var den greiaste. Ved skiltet som peikar mot Fjellstøl kunne me konkludere at sti nummer to heller ikkje blei oppdaga, me måtte ha gått for langt. Kartet på mobilen viste at det stemte, men det var ikkje større feil enn at me la på skrå over myra opp dit me meinte stien måtte gå.

Stien blei funne. Ganske tydeleg i terrenget, men ikkje merka. Den går over nokre myrparti i starten, før det går oppover lia på tørr skogbotn. Over tregrensa er det lett å følge stien vidare opp mot sørenden av Grasdalen. Her har ein Skukkane på venstre hand, men nokre høgdemeter opp. Stien går vidare opp i høgda på austsida. Etter ei lita kneik kjem ein opp på ei fin flate med ei lita tjørn, nokre hundre meter sør for Keisarholla vest, som er 605 moh. Me fann ut at staden var ideell for to telt. Nokre fine sva ville duge som både kjøkenbenk, bord og sitjeplass.

Utsikta er flott vestover mot Ølen og Ølensvåg og fjellområda på Bjoahalvøya. I nordvest ser ein utover Sunnhordlandsbassenget. Romsa, Borgundøy, Siggjo på Bømlo og Leirvik på Stord er lette å plassere. Det er og den næraste nuten i den retninga, Børkjenesnuten ytterst i Etnefjorden, med sine 605 meter.

Turen opp hit er som nemnt ikkje særleg lang eller krevjande. Me brukte 40 minuttar opp med god oppakning. Turen er ypparleg for barnefamiliar som vil på skikkeleg fjelltur med fantastisk utsikt, der ein ikkje treng gå så langt eller lenge før ein kjem til målet. Om ein vil gå lenger er det og fine plassar å setje opp telt vidare inn mot Keisarholla.

Det å vakne grytidleg, av at sola steikjer på teltduken, er ein bonus ein har på telttur om sommaren. Medan han far gjekk ein rundtur til Keisarholla vest (605 moh) og vidare til Keisarholla sør (617) og attende på austsida av stien, låg ungdomen frampå. Det er ikkje noko sti frå Keisarholla vest og til vardane på austsida av det vesle dalføret. Eg kunne i alle høve ikkje finne han. Det er lett å både gå og finne fram her oppe, så mangel på tydeleg sti bør ikkje vere ei hindring for ein tur som gir fin utsikt både til Ølen og til Etne.

Tilbaketuren gjekk ned til Grasdalen og opp til Skukkane. Kvelden før hadde me sett fleire kome denne vegen på veg oppover, så me rekna med at det kanskje var denne stien som var den me burde tatt. Det stemte, for denne stien var mykje tydlegare i terrenget. Stien går først over fine sva nedover, og etter kvart inn i bjørkeskogen som går heilt ned til parkeringsplassen.

Tur frå Oppheim til Skukkane og Keisarholla er ikkje er særleg lang eller tung. Å kombinere turen med overnatting, på ein stad der ein kan sjå sola gå ned lenge etter at det er blitt kveld nede i bygdene er flott. Som ølensbu likar eg og å kunne stå i Etne og sjå kor fint det er i Ølen.

(skrive på nynorsk sidan artikkelen er på trykk i lokalavisa Grannar)

Turfakta
Distanse  : 5 km
Varighet  : 1,5 - 2 timar
Toppunkt  : 617
Startpunkt: 360


GPX-spor som kan importeres i kart og GPS. (NB! Bare deler av turen)

NB! GPX-fila brukes fullt og helt på eget ansvar, og er ikke å regne som noen offisiell tur-rute. Det er min egen rute på aktuell tur, med eventuelle feilnavigeringer. Aktuell rute inneholder derimot ikke noen større «feil», og kan således fint brukes som en veiledende rute.

Kommentarer

Kanskje liker du også:

Copy link
Powered by Social Snap